Tenn lys!

Mykje er lyst, sjølv om nyheitene er fulle av smittetal og restriksjonar, kamp om sanninga og konfliktar held folk motet oppe, og dei spreier glede. Soknepresten har gjort som vesle Ada Sofie her; forsert alterringen og dørstokken, kome meg ut og bede folk dele kva som gjer dei glade. Og dersom dei har ein dårleg dag: kva dei gjer for å bli glade! Trykk på lenka under til kyrkja si facebook side og gled dykk! Det har eg hatt mange høve til! Sokneprest Eli Vatn.

Foto: Lillian Norli

kyrkja i Øystre Slidre si facebookside

Tenn lys i november!

Å ta seg ein tur på Beitostølen var i seg sjølv ei lystig affære, ikkje minst for den som frimodig kastar seg over folk og stiller spørsmål om glede.

Der sit dei to kloke karar; Terje Steinsrud og Kjell Viken ved eit bord og drikk kaffe, heilt uvitande om at dei snart er eit offer for min revolverjournalistikk. Kva gjer dykk glade spør eg: Kjell tel på fingrane;    

  • Det viktige og grunnleggande er; god helse, sosialt nettverk, å ha det bra med dei du er saman med, noko å drive med.
  • Men kva gjer du dersom du ikkje er glad då; har ein dårleg dag; kva kan du gjere for å bli glad!

Terje tek den ballen;

  • då er det viktig og bra å koma seg ut; ta ein tur ute i naturen; gå ein fjelltur, ta nokre bilde, finne nokon å ta ein kaffe med!
  • Da har du kontroll på det da skyt Kjell inn. Men eg trur berre det å koma seg opp kan vera vanskeleg om du har ein dårleg dag, eller ikkje har det bra.

Vi har vel alle denne spesielle tida med permisjonar og isolasjon i bakhovudet. Eg skjønar Kjell sitt poeng også; nett dørstokken er den største hindringa. Eg tenker likevel at det er fint å vite at det kan vera mogleg å gjera noko for å bli glad. Dette møtet vart sitt eige gledes bevis! Eli Vatn. 

 

Foto: Eli Vatn. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"